Formål

VTMK vart skipa i 1983, med formål å fremme interesse for motorhistorie, og å halda liv i denne delen av kulturen. Det vil sei, klubben står open for alle med interesse for køyretøy og motortekniske innretningar som har vore i bruk gjennom tida.

Den største interessa hjå medlemmane er personbilar, motorsykklar av eldre årgang, med omlag 80 kjøretøy ferdig restaurert og skilta. Klubben har omlag 100 medlemmar, dei fleste frå Vest-Telemark, men og frå andre delar av fylket.

Vi har eige klubbhus i Seljord med møterom, garasje og verkstad med verktøy og utstyr. Dette er disponibelt for restaurering og vedlikehald av kjøretøy og objekt.

Klubbbussen

Klubbbussen – Chevrolet 1938

Vi har eigen klubbbuss restaurert på dugnad, ein Chevrolet 1938-modell. Denna var i sin tid turbuss på Notodden, seinare i trafikk i Kviteseid. Bussen blir bruka til representasjon, utleige og utflukter for medlemmene.

Nå står ein Chevrolet 1938-modell lastebil på verkstaden som neste klubbprosjekt.

Mangt eit kjøretøy er henta frå låve og stall, restaurert opp til ei kulturell perle. Av den grunn kan ein forstå den stoltheit eigaren har når han tek sin motorhistoriske kultur ut av garasjen, for å køyre med den.