Oppmøte og start
Deltakarane møter opp med sine veterankøyretøy. Første bil vert sendt ut kl. 10:00. Påmelding skjer på plassen på løpsdagen.
Sidan 1985 · Seljord, Telemark
Det tradisjonelle veteranbilløpet i Vest-Telemark – gjennom nokre av dei vakraste vegane i Seljord og omegn.
Sjøormløpet er VTMK sitt tradisjonelle veteranbilløp som har vore arrangert sidan 1985. Løpet tek deltakarane med på ei rundtur gjennom dei vakre vegane i Vest-Telemark, med start og mål i Seljord-området.
Løpet er ikkje eit fartløp, men eit orienteringsløp der deltakarane skal løyse både praktiske og teoretiske oppgåver på ulike postar langs ruta. Det handlar om presisjon, kunnskap og ikkje minst å ha det kjekt med likesinna.
Gjennom åra har Sjøormløpet vorte ein av dei mest populære veteranbiltreff i regionen, med deltakarar frå heile Telemark og tilreisande frå andre fylke. Løpet har nytta fleire ulike ruter gjennom åra – rundt Seljordsvatnet, via Brunkeberg og Kviteseid, til Vrådal, og frå Nordbygdi.
Deltakarane møter opp med sine veterankøyretøy. Første bil vert sendt ut kl. 10:00. Påmelding skjer på plassen på løpsdagen.
Langs ruta er det postar med praktiske og teoretiske oppgåver. Det handlar om presisjon og kunnskap – ikkje fart.
Premiering for plass 1–7 bil, beste motorsykkel, beste bekledning og eldste kjøretøy. Deltakardiplom til dei første 200 i mål.
Start og mål i Nordbygdi. 22. juni.
Laurdag 25. juni. Løypa gjekk vestover til Brunkeberg, Kviteseid og Vrådal, med mål på Straand Hotel. Ca. 75 km.
Avlyst grunna koronapandemien.
6. juli, under Seljordfestivalen. Runde rundt Seljordsvatnet og nedom Bø, med start og mål på festivalområdet.
Tradisjonelt løp i Seljord-området.
Dokumentert med video frå løpet.
Det aller første Sjøormløpet. Berre to år etter at VTMK vart skipa i 1983.
Det vert ikkje arrangert Sjøormløp i 2025. Ta istadenfor ein tur til Vårmarknaden 14.–16. mai!
Sjå Vårmarknaden →